Først og fremst takkar vi Gud for livet han har gitt oss.
Arbeidet i barnehagen fortset på ein god måte. Lærarar og elevar er alle friske. Mest av alt takkar vi Gud for vern og vakt over barna. Frå starten av året har vi ikkje hatt hendingar av noko slag der barn har blitt skada.
Barna har vore flinke til å møta opp, og foreldra har betalt skulepengar trufast, så dette har endra seg samanlikna med tidlegare år. Dei har tatt seg saman! Vi er glade for at mange elevar har fått ny uniform. Dei fekk prøva kleda, og dei var fantastisk fine! Nokre foreldre har betalt uniformene, andre kjøper etter kvart.
Planen er no at 20 born som er seks eller sju år, skal slutta i barnehagen før jul for å starta i førskule eller barneskule på nyåret.
Mange helsingar frå barnehagen, v/lærarane, borna, kokka og vaktmannen.