Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Oppgåver i Dongobesh prosti

Utgave 4, 2019.


ILCT sitt arbeid i Mbulu-distriktet har god framgang i tre kyrkjelydar i Dongobesh prosti: Tumati, Hare/abi og Qaloda. Oppgåvene med å besøkja elevane i klassane og oppmuntra dei, går fint. Kontakten med leiarane i kyrkjene når det gjeld nye klassar, filmframvising og seminar A fungerer også bra. Det same gjeld barnehagen. Innbetalinga av skulepengar har betra seg. Vi fekk nyleg nye uniformer til nokre av barna i barnehagen, sydd av ein skreddar i Arusha.

Den 2. oktober bestemte eg meg for å besøkja klassen i den lutherske kyrkja i Utwari. Det er ein av dei klassane som har valt å starta klokka sju om morgonen. Av 20 innskrivne elevar, møtte eg 18. Dei er flinke til å møta opp kvar dag, og det er til oppmuntring for lærarane. Dei startar
klokka sju i andre område også, slik som i Mongaháy.

Klassen i Utwari som startar kl. 07.00 kvar morgon.
Det er til glede for lærarane som bur der ved kyrkja. Elevane set stor pris på undervisninga. Vi planlegg avslutningsfest og vitnemålutdeling på tre stader: Labay, Yarotamburda og TAG Harsha. Samstundes har vi kontakt med kyrkjeleiarane om oppstart av nye klassar.


Skrive av: Agnes S. Philipo Omsett: Kjellfrid Eggebø