Frøydis Nordbustad kom til Tanzania i 1958 for på forskjellig vis å tena Herren og fremja iraqw folket si utvikling. Først av alt lærte ho å finna seg til rette i iraqw-samfunnet: Ho våga å overnatta i tembe-hus, mala maiskorn med stein, henta vatn i kalabash (som liknar på tørt, uthola graskar), sopa opp kumøkk og kasta det ut med ei slags lita matte og å koka mat. Frøydis møtte mange utfordringar, men ho klaga ikkje og gav ikkje opp. Ho heldt fram med å læra, og ho klarte å leva under vanskelege iraqw-forhold.
Etter at Frøydis hadde vent seg til å leva i iraqw-samfunnet og forstod meir, begynte ho å læra språket, og til slutt klarte ho å snakka iraqw. Så tok ho til med det møysommelege arbeidet å laga eit skriftspråk. Slik vart ho i stand til å skriva eventyrbøker som Simboya, Luch, Matle nee Amsi o.l., til hjelp for iraqw-folket. Sidan greidde ho å skaffa «reiskapar», dvs. lærarar, slik at kunnskapen kunne komma fram til folket på ein lett måte. Desse personane klarte ho å få tak i ved først å teste kva dei kunne frå før, og så gi dei opplæring som sette dei i stand til å undervisa dei som ikkje kan lesa, skriva og rekna. I byrjinga sette ho i gang på forskjellige stader i Mamaisara, Datla/a og Daudi, frå 2006 til 2013, ni månader i kvar klasse. Etter at desse klassane hadde avslutta, flytta undervisninga til Dongobesh prosti for å gi hjelp der.
Det er all grunn til å takka lærarane for innsatsen deira og for at dei heldt ut i vanskelege område langt frå heimen, utan å gi opp. Nokre har flytta frå heimstaden sin til nye stader for at folk skal få læra og få høyra godt bodskap.
Det er stor grunn til å takka Gud, for desse lærarane er lys der dei kjem! Lærarane er livsgnisten til ILCT fordi elevar som ikkje kunne lesa, skriva eller rekna, har lært det nå.
Eg, Aloice, har lyst til å skriva følgjande etter å ha tenkt lenge: Eg er vitne om at ILCT har komme svært langt gjennom framgangsmåten til lærar Frøydis. For ILCT har auka og spreidd seg veldig. At arbeidet har bore mykje frukt er noko ho og dei andre leiarane, Nora, Goroi og Agnes kan vera stolte over. Mt. 7,7
Andre prosjekt: Etter at styret for ILCT hadde tenkt seg om, avgjorde dei at me skulle starta hageprosjekt for dyrking av salat, gulrøter, tomatar, løk, paprika og kål; eigendyrka mat i staden for å kjøpa på torget. Hønsehald er eit anna prosjekt, som gir kjøtt og egg. Folk utanfrå kunne også komma og kjøpa. Sal av grønsaker og egg gir inntekter som også kjem godt med.
Aloice Amnaay, Mbulu