For to år sidan fekk eg vera med å visa Jesusfilmen i Bariomot. Etterpå vart det halde tridagars-kurs for dei som kunne lesa, men som ville læra å lesa iraqw. Eg fekk vera med Agnes på oppstarting av to leseklassar der for dei som ikkje har lært lesekunsten. Dei 35 elevane hadde avslutning i fjor, og i år fekk eg vera med på avslutninga for enda to nye klassar, 20 stk.
Ein elev, ein mann i 40-50 åra, heldt takketale. Han hadde gått på barneskulen i sju år utan å læra å lesa og skriva. Nå hadde han fullført dette kurset, og nå kunne han lesa og skriva. Han hadde også fått ein bibel slik alle får nå, og viste glad fram bibelen. Han takka dei som hadde starta prosjektet, og han sende takk til alle støttespelarane i Norge.
Lærarane som nå var ferdige med desse klassane skulle flytta til ein stad som heiter Donja. Det er ikkje så altfor langt unna, men det er første plassen dei startar opp i Ufana sokn. Me viste Jesus filmen der ein kveld for rundt 300 menneskje. Donja er ein stor landsby, så det er nok mange som ikkje kan lesa der også.
Det vart ein fin kveld, og det vart oppfordra til å melda seg på leseklassen. Evangelisten og kvinnearbeidaren der hadde eg hatt som elevar på Waama Bibelskule.
Då me skulle heim, satsa me på kortaste veg, den vegen me kom, men skjøna snart at me var på villspor. Etter ei stund kjende sjåføren og Agnes seg att, og då var me på den vegen som var alternativet. Det var seint og mørkt, men me kom oss vel heim. Gud heldt si hand over oss då også. Dette var første staden der me prøvde ut den nye ideen om å nytta veka etter eksamen, medan prøvane vert retta og avskjedsfest blir planlagt, til å bli kjent med Bibelen og katekisma. Elevane sette stor pris på dette. Lærarane har nå fått ein plan der dei brukar 2x4 timar etter eksamen til å bli kjent med iraqw-bibelen og iraqw-katekisma og går gjennom dei første boda.
Dei 20 lærarane våre fortset å undervisa under leiing av Agnes Philipo. Det var inspirerande å sjå Agnes og lærarar i aktivitet og å møta medarbeidarane. La oss hugsa på dei i bønn!