Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Harsha

Utgave 3, 2019.


Den 10. juli var det fest med vitnemålutdeling i Harsha i Tumati sokn. Dei som var med dit var Nicodemu, Agnes og Elihuruma. Evangelisten som var der då me starta, men som nå var flytta til Yaida /Ampa, var der saman med den nye evangelisten.

Først fekk me mat og etter ei stund starta avslutningsfesten. Begge evangelistane fekk dela Guds ord med oss, frå Salme 46,1-11 og Ordtøka 4,13. Elevane framførte ein velkomstsong til oss gjestene og ein song med takk til ho som starta dette opplegget, Frøydis.

Det var også takk til evangelisten som gjekk med på å starta klassen og takk til alle lærarane. Deretter var det min tur til å oppmuntra elevane til å fortsetja å lesa. Dei kan lesa lærebøkene dei har vore gjennom, Bibelen og katekisma.

Eg oppmoda dei også til å gjera dette heime saman med familien. Var der fleire som ikkje kunne lesa, kunne dei motivera desse til å melda seg på slik at det vart fleire klassar. På avslutninga i Harsha oppmuntra eg elevane ved å seia: Er du mor eller far i ein familie, så planlegg tid til å læra meir saman med familien din. Er du ein ungdom, så studer saman med andre ungdommar. Du kan t.d. læra deg møbelsnekring, slik at du kan laga senger, bord, vindauge og andre ting.

Blant elevane var det ein eldste i kyrkja, og han takka lærarane for den kjærleik og omsorg dei viste når dei underviste. Han sa at lønna får de i himmelen, alle de som har vore med å bringa utdanning til oss i vår alder. Han hadde ikkje forventa å få leseopplæring så seint i livet. Seinare sa han at dei hadde med gåver til alle som hadde vore med å gi vaksne opplæring. Den første gåva var til ho som hadde starta opp denne undervisninga, Frøydis. Ho fekk kitenge (stoff til kjole el. Liknande). Marselina, som er hovudlærar, fekk også kitenge, og det same fekk dei to hjelpelærarane. Så fekk også Agnes kitenge og Nicodemu fekk ei t-skjorte, medan evangelistane fekk noko innpakka i gåvepapir. I tillegg til elevane sjølve, fekk også vennene som var med på festen gåver. Det vart ein heilt spesiell dag for folket i Harsha.

Vær velsigna!


Skrive av: Agnes S. Philipo