Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

NOKRE PÅSKEBETRAKTNINGAR

Utgave 2, 2018.


Josef frå Arimatea var ein rik mann. Han var ein læresvein. Josef ba Pilatus om å få Jesu lekam. Han tok Jesus til seg, og la han i si eiga grav. Maria Magdalena og den andre Maria var der, dei kunne ikkje forlata Jesus, og dei sette seg beint framfor grava.

Det vil seia: Dei rømde ikkje, dei var der Jesus var like til han blei lagt i grava. Dei fylgde med på alt det som skjedde med Jesus Sovande og sorgfulle: Var det sorga som fekk dei til å sovna? Dykkar time, no er det mørkret som rår. Der er altså ein time då mørkret rår. Det er då det lukkast for dei som vandrar i mørkret å fremja mørkret si sak. Gud greip ikkje inn imot dei i den timen....

Peter heldt seg langt unna Jesus og dei som angreip han. Han ville berga seg sjølv. Det førte til fall. Han nekta, sa nei, eg skjønar ikkje. Berginga hans var at Jesus såg på han. Då Peter møtte blikket til Jesus, kom han i hug løftet sitt, og fallet sitt. Han gjekk ut og gret sårt, han gjekk i seg sjølv og angra.

Herodes og Pilatus ville begge forsvara Jesus, tala vel om han, ja frikjenna han. Dei ville gjerne vera han så nær at dei kunne få sjå under han gjorde. Men dei greidde ikkje stå imot folkeopinionen.

Det er ikkje nok å tala vel om, forsvara, synast synd om, beundra osv.

For det som trengst er å VELJA JESUS. Trass i motstand, folkeopinion og kostnad. DET greidde korkje Pilatus eller Herodes.


Skrive av: Frøydis Nordbustad