Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Betheli

Utgave 3, 2019.


4. juli var det vitnemålutdeling i den lutherske kyrkja i Betheli i Hare/abi sokn.

Frå 2017 har me undervist fire klassar med i alt 59 elevar der. Nokre som har gått meir enn ein klasse, har blitt svært dyktige. Eg har sett at somme av dei som har gjennomført skulen har fått oppgåver i landsbyen og i kyrkja. Då me hadde avslutning for den tredje klassen kom landsbysjefen, områdesjefen, kyrkjesekretæren, leiaren for nærområdet og eldste i kyrkjelyden i Betheli, saman med andre der som ville feira i lag med oss. Landsbysjefen understreka at når elevane kom heim den dagen var dei forskjellige frå då dei starta, for nå kunne dei lesa, skriva og rekna. Han oppmuntra dei til å vera annleis, og til å visa stor sjølvtillit når det galt oppgåver andsynes familien.

Då den fjerde klassen hadde avslutning, var evangelisten der saman med Agnes, Nicodemu, eldste i kyrkjelyden og andre derifrå. Det var ein spesielt fin dag, og gleda stråla frå dei. Evangelisten påpeika at Gud hadde vist folk i Betheli mykje nåde, sidan dei hadde både barnehage og vaksenopplæring i kyrkja si. Han takka på vegner av alle klassane som hadde fått undervisning der i Betheli.


Skrive av: Agnes Philipo