Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

«Han let meg liggja i grøne enger; han fører meg til vatn der eg finn kvile, og gjev meg ny kraft.» Sal. 23, 2-3

Utgave 3, 2019.


Det er sommar og ferietid både for folk og fe. I år har eg gledd meg over å sjå korleis bøndene fører sauene sine til fjells, over stokk og stein, bekkefar og brearmar, fram til fjellvatn med frodig fjellgras rundt. Eg undrar og gler meg over å sjå korleis sauer og lam fylgjer føraren sin, ein etter ein i flokk og rad. Ingen bryt ut. Dei kjenner føraren, kan vegen og ser fram til målet: Det saftige fjellgraset og vatnet der dei finn kvile og kan henta seg nye krefter.

Livsvegen vår fører oss gjennom så mangt, men vegen er trygg når Herren er vår hyrding. Han veit å leia oss til kvile og fornyingspunkta. Gjev ny kraft, renoverer (fornyer, gjer reint) og gjev nytt liv. Gong på gong tek Han seg av oss. Og så leier han oss vidare og på rett veg, men det er ikkje alltid på 4-felts motorveg. Men kva gjer det om vegen er ulendt, når Herren er min Hyrding.

God sommar!


Skrive av: Nora Klungseth