Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Vitnemålutdeling i Mungahaáy

Utgave 2, 2019.


Den 11. april var det avslutning for ein klasse i Mungahaáy. Tolv elevar, tre menn og ni kvinner, skulle få vitnemål etter fullført lesekurs. Agnes, Nicodemu, Kjellfrid og sjåføren Elihuruma køyrde til den Lutherske kyrkja i landsbyen for å vera med på utdelinga. Me høyrde song frå kyrkja då me nærma oss, og inne var det fullt hus: I tillegg til avgangsklassen og den andre klassen som snart skulle avslutta 9-månaderskurset sitt, var der mykje folk frå kyrkjelyden. Dessutan var døvepresten i Dongobesh der, og evangelisten.

Samstundes med oss kom det også mange elevar frå barneskulen like ved, - dei hadde lang matfri akkurat då. Borna vart ståande bak, ute og utanfor vindauge-gluggane så lenge pausen deira varte. Nicodemu skriv namn i biblane Me fekk ein fin velkomst av alle dei frammøtte. Hovudlæraren, som leidde festen, opna med bønn. Så song klassane, saman og kvar for seg. Dei hadde dikta to songar til /Awaki og hadde håpt Frøydis kom. Men Agnes tok songane opp på telefonen, slik at Frøydis har fått høyra dei.

Presten, Daniel Faraay (som tidlegare har vore Kjellfrid sin elev i engelsk), song saman med ei døv jente, han med stemme og døvespråk, ho med døvespråk. Så las tre elevar opp frå lærebøkene sine, og seinare las ein frå Bibelen. (Ei av desse var ho so hadde kome og vekt læraren kl. sju om morgonen og ville ha undervisning. Dette tidspunktet skulle visa seg å passa for såpass mange at det fort vart full klasse!) Alle var flinke, og dei uttrykte glede og takksemd for å meistra lesekunsten. Agnes og Kjellfrid vart kalla fram for å overrekkja gåver frå elevane. Lærarane og presten fekk T- skjorter, evangelisten fekk pengar og Frøydis fekk ein debe (20 liter) fine poteter.

Alle elevane fekk vitnemål og iraqw-bibel saman med eit ark som gir råd om kvar ein kan slå opp i forskjellige situasjonar. Dei får også lærebøkene frå kurset, slik at dei kan rettleia andre heime. Heretter skal klassane med lærarhjelp få trening i å finna fram i Bibelen og katekisma i veka mellom eksamen og avslutningsfest. Då skal dei også få katekisma i gåve. Kjellfrid oppmuntra dei som no slutta og dei som skulle halda fram. Ho sa ho gledde seg stort over å sjå dei og at dei kunne lesa. Vidare sa ho at det dei hadde lært måtte dei bruka heime, og etterkvart ville dei bli stadig flinkare lesarar. Nicodemu sa også nokre ord og understreka at det som er årsak til at vaksne ikkje lærer å lesa, er frykt og skam. Difor er det godt for alle å kvitta seg med denne børa, så ein blir i stand til å læra å lesa og skriva.

Agnes takka elevane for å ha vore uthaldande. Ni månadar er ikkje lite i tillegg til oppgåvene i heimen. Ho oppmoda dei som fortset til å etterlikna desse elevane. Så reiste dei seg opp, seks av dei ti som har meldt seg på nytt kurs. Ho inviterte dei frammøtte til å melda seg på, slik at me kunne få 15 elevar. Ho sa ho ville komma etter påske og starta den nye klassen, og dette skapte begeistring. Festen vart avslutta med god mat; ris, kjøtt og poteter.

Ein av elevane sa han ville komma til Mbulu for å takka Frøydis som hadde gjort det mogleg for han å læra å lesa.

Dette er ei samanfatning av 3 tekstar.


Skrive av: Agnes Philipo, Nicodemu Ami og Kjellfrid Eggebø