Vi skal til Dirim i dag, 9. april, for å opna to nye klassar. Med oss i bilen skal vi ha alt det lærarane treng til 30 elevar: ABC-bøker, kladdebøker, blyantar, viskelêr og tavlekrit m.m.. Og ikkje å forgløyme klassestyraren Ester og åtte månader gamle Antoni. Han vart fødd 10. august 2018. Midt under jubileumsfesten måtte Ester i hui og hast sendast til sjukehuset, fordi Antoni melde sin ankomst. Godt at sjukehuset i Mbulu var berre 3 - 4 minutt unna. Men Ester rakk å danse og synge for Frøydis først. Tøff dame!
Vegen til Dirim er ikkje ein autostrada, og bilen, Benzen, er ein utsliten stakkar mest utan bremser. Kan dette gå vel, og er Benzen ein forsvarleg farkost for gullungen til Ester? undrast eg. «Ikkje noko problem», sa Elihuruma, sjåføren. «Karibu, velkomen inn.» Nicodemu steig inn først for å overbevisa meg om at dette kom til å gå bra. Etterkvart kom Kjellfrid, Agnes, Ester og Antoni med alt pikkpakk, og bilen blei heilt full.
Undervegs til Dirim tenkte eg fleire gonger: Kva er veg og kva er elveleie? Kvar går vegen? «Hakuna shida, ikkje noko problem», sa Agnes og sjåføren som hadde køyrt denne vegen mange gonger.
I Dirim har dei lenge venta på ein lærar til desse to klassane. Ester sa seg viljug dersom ho kunne ta Antoni med seg. Ho hadde ingen heime til å ta seg av han, og det er ei dagsreis frå Kuta til Dirim, så einaste løysinga var at Antoni måtte bli med på lasset. Hjelpelærarane til Ester lova å hjelpa til og leggja til rette så godt det lét seg gjera. Mange av elevane er småbarnsmødrer og bestemødrer, og det blir mange som vil ha Antoni på fanget når Ester underviser, så han vil ikkje bli noko problem.
Mbulu, 9. april 2019