Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Tilbake i Mbulu

Utgave 2, 2019.


Tidleg onsdag den 3. april køyrde syster mi meg til Sola flyplass. Før det hadde eg funne ut at eg
hadde vore heime lenge, for det var litt av eit arbeid å tenkja ut kva eg trengde og finna det fram. Korleis lada eg den gamle telefonen? Og korleis var det å bruka den? I Tanzania kjøper eg nytt simkort, og nasjonale prisar er mykje billegare enn om eg brukar den norske telefonen.

Flyturen gjekk heilt fint, og Elihuruma, sjåføren vår, henta meg. Dagen etter vart det tur til Mbulu saman med formannen i styret for ILCT og kona hans. Mykje trafikk, ei ulykke og mange tre som blomstra fint, - inntrykka var mange. Mykje søppel langs hovudvegane var trist å sjå, men verre var det med brune åkrar der det skulle vore grønt og fint med mais og bønner. Det var betre då me nærma oss Mbulu, men kjem det ikkje regn snart, misser dei det som er brukbart. Dei som sådde etter dei første regnskylla i haust, har fått mat. Så eg har fryda meg over kokt og grilla mais.

Fredag var barnehageborna, ein forelder og leiarar her samla i barnehagen til grunnsteinnedlegging. Det var ein representant frå fylkesskulesjefen sitt kontor og ungdomspresten Barikieli Joel frå den Lutherske kyrkja. Borna fryda seg, song og dansa som berre det. Til mat var det hanekjøt. Borna fekk også poteter, kokt i feitt. Stor stas. Senteret har fått namnet «Froydis Youth Centre». Foreldra bad om at tilbodet vart utvida til skuleklassar også. De kan sjå noko av dette på den nye heimesida vår, ilct.no Frøydis var hovudgjest. Ho avduka plata og sa nokre gode, oppmuntrande ord til flokken. Formannen Goroi var så inspirert at han sa noko fleire gonger.

Søndag var eg i den Lutherske kyrkja her i Mbulu. Det er så herleg med sterk fleirstemt fellessong. Eit kor med 50 unge var på besøk. Eg vart beden om å komma med ei helsing. Prest og evangelist har vore elevane mine.

Nå er eg kommen til onsdag, og i natt regna det ganske bra. Folk takkar Gud og ber om meir. I går var Nora, Agnes, Nicodemu og eg til Dirim, - ein times køyring. To nye leseklassar skulle starta opp. Den yngste var 13 år, mange godt vaksne, men ikkje gamle. Me var innom ein annan klasse med 16 elevar i alderen 13-18 år. Dei kunne ikkje lesa då dei starta for tre månader sidan. Me fekk sjå resultatet av diktatprøvene deira etter undervisninga hittil. Det var imponerande både i iraqw og swahili, men best i iraqw. Dei verka så glade og fornøgde.

Det har vore kjekt å komma tilbake og det er vanskeleg å skjøna at eg har vore heime i 1 og 1⁄2 år. Elles er det flyttearbeid. Eg er imponert over kva dei har gjort med flytting frå der Frøydis og Nora budde til her eg er.

Tilstanden til den store bilen er ikkje tilfredsstillande. Me teipa presenninga som er tak, for at det ikkje skulle regna inn. Det regna ikkje på turen, men teipen tålte ikkje varmen. Men det finst verre ting, og utstyr til vedlikehald kjem frå Tyskland, noko som kan ta tid. Det var kjekt å møta medarbeidarane her og føla seg velkommen. Me har stor trong for forbønn og det er mange ting å takka for. Før eg reiste ga ei veninne meg orda frå Salme 32,8: «Eg vil læra deg og visa deg den veg du skal vandra, eg vil gi deg råd med mitt auga.» Det har vore godt, og eg kjenner at eg blir boren i bønn. Eg har fått krefter og trivsel.

Takk for at de er med!
Guds signing!


Skrive av: Kjellfrid Eggebø