Dette nr. av Glytt skulle ha vore påskenummeret, men slik blei det ikkje. Vi er allereie snart komne til pinse, slik salmeverset over så sterkt uttrykkjer. Påska feira vi i Mbulu i år. Bodskapen er den same, men geografien er annleis. Der var folk opptekne med påskefeiringa i kyrkjene og ikkje skiføret på fjellet. Den første gudstenesta 1. påskedag byrja kl. 07.00. Vi deltok på ei gudstenste kl. 10.00. Det var nr. 2 av i alt fire gudstenester denne påskedagen i den Lutherske kyrkja i Mbulu. Påskebodskapen sette også sitt preg på alle andaktane våre på kontoret og saman med staben, både i fastetida, påskeveka og tida etter påske. Sterk song, djuptgripande tekstar og bøner.
Det blei hektiske dagar og veker for oss denne gongen i Mbulu, men alt gjekk så stille og fredeleg for seg. Møter, klassebesøk, eksamensdagar, eksamensretting, avslutningsfestar, opning av nye klassar, grunnstein-nedlegging på barnehagen og meir, gjorde at dagane var overfylte med ymse
oppgåver frå morgon til kveld. Frøydis hadde planlagt å besøkja gamle medarbeidarar denne gongen, men det vart det Nicodemu og Agnes rettar eksamensoppgåvene. ikkje tid til. Vi flytta frå Magereza og tilbake til Ujenzi. Å flytta er eit stort arbeid. Alle gledde seg over at Frøydis flytta tilbake til Ujenzi, og dei tilsette gledde seg også over at alle kontora vart samla der. Bortsett frå barnehagen er vi no alle samla på eit senter.
Vi endra programmet til leseklassane ved å utvida med ei ekstra veke etter eksamen. På eksamensdagen får dei no iraqw-bibelen og iraqw-katekisma. Så skal dei bruka ei veke til å læra bibelen å kjenna og ta i bruk katekisma medan dei ventar på eksamensresultatet og festen. På lærardagen i mars gjekk vi gjennom programmet for dette, og lærarane fekk testa bibelkunnskapen sin.
Den 17. mai var det eksamen i ein av klassane våre. Nicodemu og Anna var eksamensvakter. Agnes delte ut iraqw-bibelen og katekisma, då elevane var ferdige med eksamensoppgåvene. Og denne veka har desse elevane lært å bli kjend i bibelen og å bruka katekisma. Det vil vera nyttig for kvar og ein av oss å ta same testen. Bibelen har 66 bøker, 1.189 kapittel og 31. 173 vers. Prøv om du kan samla bøkene i rett rekkefølgje i den bokgruppa dei høyrer til: Opphavet/Lova, Historisk, Profetisk, Poesi, Evangelia, Breva, Apostelgjerningane og Openberringsboka. Er du så heldig at du har ei katekisme, kan du slå opp alle bibeltilvisingane du finn i den også.
Varm helsing, og takk for godt samarbeid!