Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Som ringar i vatn

Utgave 1, 2019.


Alle elevane våre har til no fått ein iraqwbibel i gåve frå Norge, når dei har lært å lesa. I oktober 2018 fekk vi trykt oppatt iraqwkatekismen, som Margaret Hetland og Kjellfrid Eggebø hadde revidert manuset til.

Planen er at elevane skal få bibel og katekisme i gåve etter at dei har teke eksamen, og eit kurs i korleis ein bruker både bibelen og katekismen.

Kjellfrid Eggebø reiser til Mbulu i løpet av våren for å ha katekismekurs med alle lærarane våre, slik at dei kan ha slike kurs for elevane sine etterpå.

I tillegg til iraqwbibelen og katekismen, får alle elevane bøkene dei har brukt gjennom dei 9 månadane dei har gått på lesekurset, ABC – bøkene mfl. Etterpå kan alle elevane gå heim og ha lese- og katekismekurs for naboane og familien sin, og kunnskapen breier seg vidare og vidare ut som ringar i vatn.

Kjellfrid fekk rik erfaring då ho reiste rundt og hadde katekismekurs i den Lutherske kyrkja for eit par år sidan. Ho har òg erfaring med å ha lese- og katekismekurs for analfabetar, difor er vi svært takksame for at ho vil ta på seg denne oppgåva.

Spørsmål og melding til bladet: Kristin S. Dahl, tlf./SMS 90808438


Skrive av: Nora Klungseth