Frøydis Nordbustad og Nora Klungseth har lagt ned eit stort arbeid med institusjonaliseringa av ILCT, «lærarskulen», leseklassane, barnehagen m.m., - Frøydis med det faglege, og Nora med det administrative.
Alt er no velfungerande, og det er difor lett for andre å overta.
Gründerfasen er over, og då er det naturleg at nokon andre tek arbeidet vidare, seier dei.
Den 28. februar reiser Frøydis og Nora tilbake til Tanzania for å ta farvel med gamle og nye medarbeidarar.