ILCT er ei stifting, oppretta av Frøydis Nordbustad og Nora Klungseth den 10. juli 2005.
Stiftinga The Iraqw Language and Culture Trust har som formål å vidareføre det språkkulturelle arbeidet som Frøydis Nordbustad har drive blant den iraqw-talande befolkninga i Tanzania sidan 1958, med støtte frå Nora Klungseth frå 1970. Gjennom språkkulturelt arbeid skal stiftinga bidra til ei berekraftig utvikling av den iraqw-talande befolkninga i Tanzania.
Formålsparagraf:
«To strengthen the development of the Iraqw people by using their own language and culture, in agreement with the founders’ ethical and spiritual values.»
I ei folkegruppe med opptil 80% analfabetar, var det leseopplæring som raskast kunne bidra til ei berekraftig utvikling. Dette ser vi resultat av no. Når ein landsby får mange innbyggjarar som er lesekunnige, fylgjer infrastrukturen etter. ILCT sender eit lærarteam til landsbyane, og der får vi bruke kyrkjene som klasserom.
Elevane lærer å lese morsmålet iraqw og nasjonalspråket swahili. Dei får også matematikkundervisning. Dermed kan dei kommunisere munnleg og skriftleg og ta vidare utdanning osv., men for dei fleste er det å kunne lese bibelen på morsmålet det største.
Bak ILCT står det mange private donorar som saman med Frøydis og Nora gjer det økonomisk mogeleg å drive dette arbeidet.