Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Glytt frå arbeidet i Mbulu

Utgave 1, 2019.


Før jul, i desember 2018, opna eg tre nye klassar: Ein i den Lutherske kyrkja i Yarotamburda, ein i Tanzania Assemblies of God –kyrkja i Harsha og ein i den Lutherske kyrkja i Labay. Folk har forandra seg, og nå kjem det mange når dei høyrer at me skal starta ein ny klasse. Dei blir òg svært glade når me besøkjer dei i leseklassane deira og oppmuntrar dei.

Nyleg møtte eg ein elev frå den Lutherske kyrkja i Mungahay. Ho fortalde at eit barnebarn hadde spurt henne om hjelp til å skriva namnet Qaloda. Bestemora gjekk med på å skriva dette namnet. Då barnebarnet såg kor fint det vart skrive, sa ho til bestemora at ho måtte gå på skulen kvar einaste dag, og ikkje skofta. For ved å fullføra denne leseklassen ville bestemora kunna læra alle dei heime mykje.

I oktober i fjor var me så heldige at me fekk visa film og ha lesekurs i to landsbyar, Qaaqa og Utwari, etter einannan. Me starta i Qaaqa, i Qaloda kyrkjelyd. Etter at me var ferdige der, fór me til landsbyen Utwari i Tumati kyrkjelyd. Dei tok veldig godt imot oss, frå første kvelden me viste film til me var ferdige i begge landsbyane, noko me takkar Gud for. Det var stor takk for alt det spesielle dei fekk oppleva.

Ei hending som gledde oss mykje var filmkvelden i Utwari. Veldig mange, over 300, kom for å sjå filmen. Dei vart så begeistra over det filmen lærte dei, at dei ba oss, om mogleg, å fortsetja neste kveld. Det var 20 som melde seg på lesekurset. Alle var der dei tre dagane, og alle tok eksamen. Til slutt takka dei veldig for å få dette spesielle lesekurset. Dei fortalde at før skjøna dei ikkje dette med korte og lange vokalar, tonemerke og den halve bokstaven. Men nå kunne dei lesa aa, ee, ii, oo, uu og a, e, i, o, u, og dei forstod forskjellen på orda konkomo og konkomó, slooro og slooró.

Då me tok avskjed, sende dei med takk til Frøydis og Nora.


Skrive av: Agnes S. Philipo