Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Eg gledde meg kvart sekund

Utgave 1, 2014.


Eg gledde meg kvart sekund på turen min til Norge. Ein invitasjon frå ILCT, der Frøydis Nordbustad er ein av stiftarane, til å vere med på jubileums-festen i Bergen kunne eg ikkje seie nei takk til. Kl. 21.00 om kvelden, 28. november, reiste vi med KLM til Amsterdam. Der bytta vi fly, og på Flesland møtte Nora Klungseth oss. Ho køyrde oss til Hotel Terminus. Der var det veldig fint. Arbeidarane der var verkeleg flinke til å jobbe, var venlege og gav god service.

Formålet med reisa mi var å vere med på festen til den første kristendoms, læraren min, Frøydis, som hadde fylt 80 år. Dei ynskte meg varmt velkomen. Eg var ein av dei mange gjestene, og eg fekk høve til å fortelje om korleis eg blei kjent med Awaki Margwet (Frøydis sitt iraqw namn) i 1962 som 12 åring. Hos Awaki fekk eg for fyrste gong smake ei kake. Det gløymer eg aldri. Awaki brukte også+ mykje tid på å lære oss å syngja, mange songar for å prise og ære Gud.

Som avslutting på denne fine turen til Norge, fekk eg vere med Kjellfrid Eggebø til Rogaland og Finnøy, heimstaden hennar. Der fekk eg mellom anna besøke ein eldrebustad m.m.. Eg er veldig takksam til ILCT som let meg få denne turen. Takk og til alle eg møtte både i Bergen og Rogaland.

Eg vart inspirert og fekk nytt mot av å sjå korleis de arbeider og gjev dykk sjølve for å fremje arbeidet til ILCT. Turen varte i 10 dagar, og eg var trygt tilbake i Arusha den 8. desember 2013.

TAKK!


Skrive av: Marry Bura