Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Nærsynt og langsynt

Utgave 1, 2014.


Kjellfrid Eggebø har vore heime ei tid i på vente av fornya arbeids- og opphaldsløyve, men har ikkje vore arbeidslaus for det:

Nyleg var eg i Riska Misjonshus. Framme er det eit kors i midten, bilde av den første nattverd på venstre side og flagg frå mange land til høgre. Det tala til meg.

Det begynnar med korset, med Jesu død for våre synder og tilgjeving. Vi blir oppbygde ved nattverden og fellesskapet. Flagga tala om teneste, i Norge og ut i heile verda. Vi treng å vera «nærsynte» så vi ser naboen, men og «langsynte» så vi ser dei i land langt vekke. Frelse – oppbygging – teneste, blir stikkorda

Nå har eg vore heime lenge, men har nå billett 21 februar. Eg har fått vera med på to gudstenester her på Finnøy, der offeret gjekk til ILCT. Der er det 3-4 offer til ILCT i året så lenge Hesby Sokneråd har ILCT som misjonsprosjekt. Den 26 januar skal kyrkjekoret til Rennesøy. Det var opp til kor leiinga å bestemma kva offeret skulle gå til. Dei har bestemt ILCT og eg får fortelja litt frå arbeidet. Den 30 januar har leiaren for »Vi over 60» invitert meg for å delta med bilete frå arbeidet.

Den 29 januar er det møte på Fotland i staden for det som vart avlyst grunna storm i byrjinga av desember. Så her er mange bønneemne. Takk til deg som står med i bønn, med gåver og andre tenester!


Skrive av: Kjellfrid Eggebø