Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

«... med hjelp frå vår Gud...»

Utgave 1, 2014.


Då Nehemja var i Persia som fange saman med dei bortførte frå Juda, fekk han ei melding om kor ille det stod til i Jerusalem og med dei som budde der. Då sette han seg ned og gret. Han sørgde og fasta i fleire dagar. Syrgde, fasta og bad til Gud i sorg over heimen og folket sitt. Han bad til Gud før han tala til kongen. Det førte til at han fekk hjelp, fekk reisa til Jerusalem og starta det store arbeidet med å byggja oppatt murane kring Jerusalem. Han fekk mykje motstand, men lukkast i arbeidet. Motstandarane såg at Nehemja og hans folk hadde lukkast fordi Gud var med dei.

Vi har og gjort eit stort arbeid, som lukkast fordi arbeidet vart gjort med hjelp frå vår Gud. Gong etter gong har vi ropa på Gud, og gong etter gong har vi fått hjelp. Iraqw NT vart ferdig, Iraqw -Bibelen vart ferdig, lesebøkene vart godkjent, lesekampanjen har lukkast, arbeidet veks, fleire og fleire har lærer lesa. Og mange les Iraqwbibelen, det livgjevande og livsfornyande Ordet.

Difor har vi hatt Jubileum og fest, for å takka Gud for alt Han har gjort for oss. For å takka alle som har vore med og gjort dette mogeleg, og for å takka alle medarbeidarar, i Tanzania og i Norge for godt samarbeid, samhald og uthald.

Og midt oppi alt dette har eg fått feira åtti år. Det er så uverkeleg.

Eg er veldig takksam for festen og for alle som var med der. TAKK! Det var godt å sjå dykk! Og no sender eg hjarteleg takk til kvar og ein for helsingar og gåver til ILCT og meg sjølv, for bibelord og varme ynskjer. Det varmar og styrkjer!

2. Juledag er alltid ei overrasking. Tekstane i kyrkja er så overraskande. Medan vi framleis syng om barnet i krybba, kjem tankane om forfylging, strid, kamp, og liding.

Jeremia seier det med klåre ord: Men du, spenn beltet om livet og stå fram og tal til dei. «- Spenn belte om livet, - « dvs. gjer deg klar til tenesta, til kampen, oppgåvene, motstanden. For meg vart Ordet frå Jeremia om å spenne beltet om livet ein ordre og eit kall som vart ståande sterkt og lysande etter julehelga. Ja, det er med inn i det nye året og viser veg. Endå ein gong. Endå eit år. Tenk at eg skal få vera med. Det er nåde frå Gud.


Skrive av: Frøydis Nordbustad