Fyrst ein ordre frå Jesu mor: Det han seier dykk, skal de gjera.
Så ein ordre frå Jesus sjølv: Fyll kara med vatn.
Og endå ein ordre frå Jesus: Aus no opp og ber det til kjøkemeisteren.
Lydnad utan å forstå: Dei så gjorde.
Joh. 2:1-11
Blind lydnad utan å forstå, og kanskje utan tru også. Men Jesus brukte denne lydnaden til å gjera eit under, vatnet blei til vin, - og resultatet? Jesu herlegdom blei openberra. Læresveinane trudde på han.
Lærdom til oss: Når du formidlar ordet (vatnet) på ein eller annan måte (fyller kara, auser opp, ber det til den som skal dela det ut), ANTEN det er ”Jesu mor ” som byd deg det ELLER det er Jesus sjølv som gir deg ordren (i ordet), SÅ skjer det noko med det ordet du formidlar. UNDERVEGS blir det forvandla, det blir virkekraftig ved hans Ånd. Det skaper TRU.
Kanskje dei som bar vatnet fekk ei ny tru? Det gjorde i alle fall læresveinane.