Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Hjelpesteinen

Utgave 1, 2014.


Året 2013 er blitt ein del av historia vår, og ligg bak oss no. Og 2013 vart også eit år der vi, som Samuel, har all grunn til å setja opp ein «Hjelpestein», som prov på at Gud har høyrt bøner og hjelpt på ymse vis. 1.Sam. 7, 12.

I Jubileumshelga i desember vart vår «Hjelpestein» reist. Vi såg attende på alt vi hadde å takka for, på hjelpt alle bønesvar og all hjelp vi har fått til no. Du forunderlege Gud, som har gjort alt dette mogeleg, var grunntonen gjennom heile helga. For mange av oss vart denne helga ei kallsfornying, og vi kunne seie med høvdingen Amasai: «Dine er vi, og med deg held vi lag, du Isaison. Gjev det må gå deg vel, og gjev det må gå dine hjelpesmenn vel! For du får hjelp frå din Gud.» 1. Krø. 12, 18

Vi kan ikkje gå baklengs inn i det nye året. Nye oppgåver ventar i enno eit nytt og ubrukt år, og vi må sleppe taket på alt det som ligg bak oss. Det krev mot og vilje å ta fatt på noko nytt. Greier vi ein etappe til? I vår alder?

Unnskyldningar har vi i alle aldrar, i ein epoke i livet synes vi at vi er for unge, i midtlivs epoken har vi ikkje tid, og til slutt synes vi at vi er for gamle. Gud spør ikkje etter alder eller andre unnskyldningar, Han treng berre vårt ja. Alt det andre ordnar han sjølv.Difor kan du med frimot og forventning gå det nye året i møte. «For han skal gje sine englar påbod at dei skal verna deg på alle dine vegar!» Salme 91,11.


Skrive av: Nora Klungseth