Når arbeidet veks og utvidar seg, er det naudsyn med eit solid nettverk og eit godt team attom. Slik at dei som står i frontlinja kan kjenne seg trygge og borne.
Vi har minst 2 styremøter per år, og vi er svært takksam for dei nye styremedlemene: Elias Goroi og Valentino Gange. (Det tek faktisk like lang tid for dei å koma til styremøte, som det gjer for oss som kjem frå Norge.) Det er viktig for leiarane å vere oppdatert på ny teknologi, så dei kan kommunisere over landegrenser og kontinent, via Skype og andre program. Den 2. februar fekk vi datahjelp og kurs, fjernundervisning frå Asia.
Denne gongen reiste Frøydis Nordbustad og underteikna til Tanzania 30. januar og 1. februar var det styremøte i Arusha før vi reiste vidare til Mbulu, der nye møter venta. Sanka vert ofte omtala som «sjåføren vår», men det er rekneskapsførar han er tilsett som. Og vi to brukte fleire dagar til å førebu oss til budsjettmøtet. Budsjettmøtet legg sitt forslag til budsjett fram for Eksekutivkomiteen, som går gjennom alle postane før budsjettet vert sendt til styret for godkjenning.
Denne gongen fekk vi (Frøydis og Nora) tid til å ha medarbeidarsamtale med alle tilsette. Det er alltid godt å møta dei tilsette på denne måten, og dei set også stor pris på at vi tek oss tid til å snakka med kvar enkelt.
Den 19. februar hadde TTP-klassen avsluttingsfest. Ein representant frå skulekontoret i Mbulu District var heidersgjest, og delte ut vitnemåla. Det var ein flott og stolt flokk ungdomar, som dermed fekk bevis for at dei frå no av kunne vere klassestyrarar i nye klassar. Til no hadde dei berre vore hjelpelærar.
Innimellom all denne aktiviteten las Frøydis siste korrekturen på eit manus, som vi leverte til trykkeriet før eg sette meg på flyet etter 3 gode, men hektiske veker.