Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Gladmeldingar

Utgave 2, 2014.


Klypp frå rapporten frå ILCT Tanzania Branch 2013

Basic Literacy:
12 klassar frå 2012 vart avslutta i 2013, og 37 nye klassar vart starta. Av desse 37 klassane hadde 19 klassar eksamen i fjor, medan 18 klassar fortsette og skal ha eksamen i år.

Transitional Literacy:
I 2013 vart det halde 3 dagars seminar, for dei som ynskte å lære og lese iraqw, i 29 landsbyar.

Groups:
Når Basic kursa er avslutta, får elevane høve til å fortsette i studiegrupper i 6 månader, for å få meir lesetrening. For tida har vi 7 forskjellige grupper.

Øyremerkte gåver:
Stor takk til dykk som har gitt øyremerkte gåver til å kjøpe iraqwbiblar. Difor har vi eit bibellager. Så no kan alle lærarane få kvar sin bibel, og det gjer òg avgangselevane i Basic Literacy-klassane. Dei får eit vitnemål og ein iraqwbibel på avsluttingsfesten. I tillegg til dei øyremerkte gåvene har ILCT fått mange åremålsgåver, minnegåver etc. På grunn av desse ekstra gåvene kunne vi kjøpe eigedomane som vi til no har hatt leasing-avtale med staten på. No har vi fått Title Deed (skøyte), el. installasjon i alle husa og inngjerding av tomtene m.m., så no må hyenane finne seg ny veg, rundt tomtene. TUSEN TAKK!!!


Skrive av: Nora Klungseth