Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

«Ba de i dag morgon?»

Utgave 2, 2014.


Takk for sist! Ja, nå er eg ute i Mbulu igjen, til eit fantastisk grønt og grøderikt område.

Eg gledde meg over straum siste tida før eg reiste heim, og nå var det herleg med to kokeplater på kjøkkenet og vannkokar i tillegg til gassblusset. Tenk dusj som funka! Herleg. Eg har fått ei fin leilegheit her. Biene som budde over inngangen og surra rundt oss, var tekne bort. Det òg var kjærkome. Nær slekt ville besøkja meg, og eg kom saman med dei til Mbulu. Kjekt at slekt og andre vil sjå litt av det me gjer. Men filmkveld vart det ingenting av, grunna regn. Men ein tur til Mamaisara, til ein klasse, der vi såg kvar vi hadde budd og undervist, vart det. Og ein dagstur til Haydom vart det også tid til. Då me nærma oss Mbulu på veg heimatt, punkterte me. I Haydom hadde eg funne ut at eg ikkje fekk opp panseret, og eg visste jekken var der.

I ein Skype-prat i dag fortalde Basilisa og Sanka at dei no var godt i gang med bygging av ”hus” til vaktmennene på Ujenzi. Det vert nok vaktmennene der takksame for. Det er tøft å vere ute i all slags vind og vêr. Gjestene starta med å få av reservedekk og ville løysa det punkterte. Der var ikkje nettverk til å ringja, så eg gjekk lenger og ringde til Sanka, sjåføren vår. Ingen svar. Frilaurdag. Eg kom opp att, og vi prøvde best vi kunne å opna framme, men nei. Det var ein bileigar lenger framme, sa ein. Solfrid tenkte på å stoppa ein bil. Eg fekk beskjed om at rett oppfor var det nettverk, eg gjekk dit for å ringja, men intet svar. Korleis vil Gud hjelpa oss i dag, tenkte eg. Då stansa ein bil, og ut kom Sifaeli, mannen til hushjelpa mi. Han kjente bilen. Han brukte sin jekk og fekk hjelpa oss. Saman med han var visegeneral- sekretæren i den Lutherske kyrkja. «Ba de i dag morgon?», spurde han. «Ja», var svaret i kor. «Då har Gud førebudd Sifaeli», sa han.

Fredagen var lærarane sin dag, og på slutten av dagen fekk alle lærarane utdelt kvar sin iraqwbibel som gave frå ILCT. Frøydis og Basilisa delte ut biblane etter ei helsing frå Frøydis. Ho forklarte at biblane var ei gåve frå folk i Noreg. Ho oppmuntra lærarane våre til å lesa iraqwbibelen. Det var stor glede over gåva. Det er plan om å starta nye klassar i Daudi-området. Då er planen å visa film først, så tredagars- kurs, og så ny leseklasse.

Vi treng forbønn for alt dette. Takk til de som tenkjer på oss!


Skrive av: Kjellfrid Eggebø