Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Du har styrke nok!

Utgave 2, 2014.


Gud gjev oss ofte heilt konkrete oppgåver når det er noko han vil vi skal gjere, slik han gjorde for Gideon. Gideon prøvde å få Herren til å forstå at han var ueigna til oppdraget: «Høyr på meg, Herre! Korleis kan eg ...?»

Høyrest det ikkje kjent ut? Kven av oss har ikkje kjent seg ueigna, når vi stod framfor nye og krevjande oppgåver? «Dette kan ikkje eg ta på meg», seier vi, og tykkjer at vi har mange gode grunnar for å protestere på oppdraget Gud har lagt til rette for oss. Slik reagerer vi fordi vi berre kalkulerer med oss sjølve, og ikkje med Gud. Vi trur at vi er utan føresetnad og styrke nok til å kunne utføre oppdraget. Men Gud sitt svar feiar alle våre unnskyldningar til sides: «Gå i veg så sterk som du er, ... Er det ikkje eg som sender deg?»

Gå til oppgåva som ventar på deg med den føresetnad og styrke du har. Det er styrke nok til å ta det første steget inn i oppgåva. Han som legg oppgåva til rette for deg, veit også kva du treng for å utføre oppgåvene han gjev deg. Han vil gje deg det du treng for kvart nytt steg. Men du må ta det første steget med det du har; våge å gå til verket med lite eller ingenting – så sterk som du er no - . Du skal få oppleve at Gud held det han lovar. Han kjem deg til hjelp med det du treng når du treng det, med visdom, råd, krefter o.s.v., ikkje på førehand, ikkje i overflod, men nok til at du kan fullføre hans verk og hans vilje med ditt liv.


Skrive av: Nora Klungseth