Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Nye naboar

Utgave 3, 2014.


Ein dag for lenge sidan, vart stova mi plutseleg og uventa fylt med gjester, sju ukjende amerikanarar. Det var rektoren på Waama som hadde vist dei vegen. Dei hadde møtt han i Mbulu, på by’n. Og han hadde rådd dei til å gå til Frøydis.

Første møtet med desse ungdomane var eit sterkt, rikt og gjevande møte. Tre ektepar på leit etter ein plass dei kunne slå seg ned, for å arbeida for Gud. Spørsmåla var mange: Var det i Mbulu dei ville slå seg til? Eller, var det i Mbulu Gud hadde tenkt? Var det i Mbulu dei skulle bu, leva og arbeida Dei hadde leita på mange plassar i Tanzania. Leiaren deira orienterte om prosjektet deira. Sjølve orienterte dei om tanken på å slå seg til i Mbulu. Møtet med dei var som eit vekkings- og misjonsmøte. Det gav inspirasjon og glød, glede. Tenk at det kjem seks ungdomar, med kall frå Gud til å bruka iraqwbibelen. For eit bønnesvar!

Fleire år etterpå kom dei tilbake, men no var flokken auka til seks vaksne og fem born frå 1 – 5 år. No hadde dei etablert seg her i Mbulu, leigd seg hus og starta opp. To av familiane har eg fått som mine nærmaste naboar. Den tredje familien har slått seg til i Sanu, like ved sjukehuset i Mbulu. Alle seks arbeider som eitt team. Dei har allereie lært mykje både om landet og språket, og har lagt planar for si eiga språkopplæring. Det er iraqwspråket som er hovudspråket for dei, sjølv om swahili er naudsynt i det daglege.

Etter eit 6 månaders swahili-kurs i Dar es Salaam, tok dei fatt på iraqwspråket. Og då trong dei litt hjelp.

Det er tydeleg at det er mange kristne her, og mange kyrkjesamfunn. Men det er lite «bibelkunnskap», seier «Daudi». Det vil dei gjera noko med, og dei har som mål å arbeida med iraqwbibelen. «No har iraqwfolket fått bibelen omsett til sitt eige språk, og arbeidet med leseopplæring er godt i gang, dermed ligg det vel til rette for vårt prosjekt,» seier dei.

Deira kall er å undervisa og forkynna på morsmålet til iraqwfolket, i samsvar med arbeidsmåten til kyrkja deira. Dei ynskte å kjøpa 1500 biblar frå vårt lager, for vi er dei einaste som har iraqwbiblar att no. Og det kunne vi sjølvsagt ikkje seia nei til. Deira prosjekt og vårt arbeid høyrer saman som hand i hanske. Vårt arbeid er som eit springbrett for dei. Underleg å sjå korleis Gud arbeider på mange plan.


Skrive av: Frøydis Nordbustad