Her ein dag eg ville kvila, var det mykje uro ute. Kanskje dei lyfta den nye vasstanken på plass? Jo da, 6-7 menn heldt på . Ved hjelp av stroppar festa i eit tre nær ved, stokkar og stigar, klarte dei å få den opp. Men å snu den var vanskeleg. Etter mange nervepirrande minutt klarte dei å få den på rett kjøl. Dagen etter var det rikeleg med vatn i springen. Alle dusjane virka mykje betre enn før. Det har vore slik ei tid at me har fått vatn frå bynettet ein dag, neste dag ikkje. Nå blir det vatn kvar dag frå tanken, reknar me med.
Ei stund nå har eg vore oppteken med å laga hjelpemiddel til leseopplæringa. I alle klassar skal det vera ei papptavle med lommer slik at læraren kan plassera kort med ord og stavingar på den. Det er ei kjempegod hjelp i undervisninga og kan brukast på mange måtar. Me har kort til lekse 1-14, vokalar og konsonantar i tillegg. Så har me laga ei bok etter idé frå frimerkebøker, med lommer til korta. For å få det til, trengst det klipping, liming og plassering. Ein del kort var kutta opp utan å bli sorterte. Nå trur eg det er eit betre system på dei. Alle klassane skal ha eit sett med A4- bilete av illustrasjonane i første læreboka. Når elevane skal læra korleis ordet «mor» er skrive, får dei først sjå eit bilete av mor, så korleis det skrivast. Illustrasjonane kopierer vi på farga ark, limer på tjukkare ark og set inn i plastlommer, 17 i kvar perm. I tillegg til dette arbeidet registrerer eg det som er i containerane.