Omorganisering
Det vart gjort ein del endringar for dei tilsette i april. Til no har altfor mange oppgåver kvilt på Basilisa sine skuldrar. Ho har vore leiar for vaksenopplæringa, leiar for staben, hatt ansvar for «kassen» og vore sekretær for styret. Uforsvarleg «overload» over lang tid. Dette måtte vi gjera noko med, om vi skulle koma vidare. Difor fordelte vi arbeidsoppgåvene hennar på fleire.
Rehema Safari har gått på lærarskulen på Waama. Ho var ferdig no i mai og har fått formell lærarutdanning. Frå 1. juni tek ho over ansvaret for vaksenopplæringa. Agnes tok over kasserarjobben, som Basilisa har hatt til no, 1. mai. Kristina B. Mallange er blitt leiar for dei tilsette. På grunn av denne omorganiseringa vart Basilisa Tarmo, som er førskulelærar, frigjort til ny oppgåver. Oppgåver som har vore «på vent» lenge. Frå 1. mai byrja ho som leiar for «mor og barn» senteret, som til dagleg vert kalla barnehagen. Oppbygging av det er eit stort og krevjande arbeid. Tenk om einkvan kunne reisa ut og hjelpa henne med dette, vera konsulent/mentor nokre månader. I tillegg er det bruk for ein førskolelærar no i oppstartinga. Her skal ein ha kurs for mødrene i det eine klasserommet og barnehage for borna deira i det andre klasserommet. Til alt dette trengst gode fagplanar for undervisninga og planar for disponeringa av utearealet osv..
Nybrot
Kjellfrid Eggebø og Kristina B. Mallange er døropnarar, når vi planlegg å starta opp på nye område. Kjellfrid har hatt fleire filmkveldar og Kristina har halde fleire A-seminar. No held Kjellfrid på med å laga undervisnings- materiell til dei nye klassane vi planlegg å starta i det nye området, rundt Tlawi. Vi gjer nybrotsarbeid på mange plan no, men oppdraget er framleis det same, «Rydd veg for Herren, lag gjennom øydemarka ein kongsveg for vår Gud!» Jes. 40, 3 og Jes. 62, 10-11. Takk for at du er med på laget.