Rapporten for 2017 viser at det vart gjort eit stort og omfattande arbeid i fjor. Det vart starta 22 leseklassar for analfabetar med til saman 368 elevar. 14 av desse klassane vart fullført og hadde eksamen og avsluttingsfest i fjor. Og 219 analfabetar fekk sine vitnemål, dokumentasjon på at dei er lesekunnige, og ein iraqwbibel.
I fjor starta ILCT arbeid i 25 landsbyar, der Jesusfilmen blei vist (til 4325 tilskodarar) kvelden før vi starta eit A-seminar. I alt 302 iraqwtalande deltakarar var det på desse 25 A-seminara. Dermed vart det 302 nye som kan lese iraqwbibelen.
Den 3. april i fjor opna ILCT barnehagen, til stor jubel. Foreldre og besteforeldre gleda seg då det blei kunngjort at barnehagen skulle starte.
Om du ønsker å støtte dette viktige «hjelp til sjølvhjelps-arbeidet» vårt, kan du donere ditt bidrag til ILCT sin driftskonto kto.nr. 6005 07 21585 eller sende det til Vipps 504817.
Og VIPPS så er problemet løyst.