August 2005 vart det helde ein seremoni i Årdal kyrkje. Der fekk Frøydis Nordbustad tildelt St.Olavsmedaljen, av dåverande fylkesmann i Sogn og Fjordane, Olav Flæte, for arbeidet ho har gjort blant Iraqw folket i Tanzania.
St. Olavsmedaljen ble stiftet av Kong Haakon VII 17. mars 1939. Den deles ut "til belønning av fortjenester ved utbredelse av kjennskap til Norge og fremme av forbindelsen mellom det utflyttede Norge og hjemlandet".
Seinare samme år var Frøydis på audiens hjå Kong Harald i samanheng med tildelinga av St.Olavsmedaljen.
Her er eit lite bildegalleri frå seremonien i Årdal kyrkje og frå etter audiensen hjå kongen. Ein kan også sjå eit bilete med den teksten som Frødis la med i ein Iraqw bibel som ho overrekte kongen under audiensen.
Samtidig har arbeidet til Frøydis fortsett og også i dag er det elevar i Tanzania som får nye liv som ein direkte årsak av arbeidet til Frøydis. Ønskjer du å vere med å støtte arbeidet, trengs det både hender og økonomiske støttespelarar for at dette skal komme fleire til gode også i framtida.