Bilde og video helsing, samt oppmoding
No er det over to år sidan eg vart kjend med arbeidet til ILCT, leia av Frøydis og Nora. I løpet av denne tida har eg blitt godt kjend med desse to damene og arbeidet deira.
Det har vore imponerande å sjå alt dei har gjort opp gjennom åra, for Iraqw folket, i Tanzania, både når dei er på reise eller når dei er her i Vik. På grunn av deira store innsats har mange titusenar lært å både lese og skrive. Mange har fått hjelp til å komme utav fattigdom, og nokre har gått vidare og teke høgare utdanning.
I desse dagar er me alle er isolert i kva vår bygd og by, på grunn av den pågåande pandemien, men på grunn av digitale verktøy kan Frøydis og Nora fortsatt følgje opp arbeidet i Tanzania, frå Feios, Vik i Sogn.
Også me andre kan følgje opp og hjelpe. Arbeidet til ILCT og elevane deira, treng all den økonomiske støtte dei kan få.
For omlag 50,- kroner månaden kan ein hjelpe ein elev eller ein unge i barnehagen, med skulepengar og mat. Difor oppmode eg deg til å gi så mange 50,- lappar du ser at du har moglegheit til, slik at fleire kan få moglegheit til å klare seg sjølv, gjennom å lære å lese og skrive.
Vipps og/eller konto nummer finn ein med å trykke knappen, øverst på sida, der det står "STØTT ILCT".
Nora har nyleg delt nokre bilete og video frå lærarskule utdanninga til ILCT, samt eit video klipp med Frøydis som snakke med elevane frå stova i Feios. Dette finn ein under.
Elles ønskjer eg alle ei signa god og digital påske:)