Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Kjære medarbeidar

Ei helsing frå Frøydis og Nora

Publisert: 19. april 2020 12:28

Takk for godt, langt og trufast sammarbeid i mange år, under Guds velsigning. Saman er vi sterke og kan gjera store ting i lag, når vi går i takt med oppdragsgjevaren. Når vi kjem til Han med det vesle vi kan bidra med, veks det. Å, kor eg skulle ynskje at du kunne koma å sjå kva du er med å gjere mogeleg. Sjå korleis livet og heimane til kvar enkelt elev vert forandre.

Alle elevane får bøkene dei sjølve har brukt på kurset, i tillegg til ein iraqwbibel og iraqwkatekismen. I dei landsbyane der ILCT har hatt leseklassar skjer det noko, Ordet arbeider. Ein tenåring sa: Å, kor eg gler meg til å lesa for dei heime, og så vil eg gå til bestefar og lese for dei óg. Når landsbyane får mange innbyggjarar som kan lesa, skriva og rekna, skjer det noko med infrastrukturen og. Dei 31 deltakarane på A-seminaret i Holaqa helsa dykk som er med å gjere dette mogeleg med 1. Tim. 2: 3-4, 1 Kor. 4: 1-2 og 2.Tim. 1: 3. For ei helsing.

Frå årsrapporten 2019
11 leseklassar for analfabetar har fullført, og 195 har lært lese og rekne, og har no heimeundervisning for familie og venner. 12 nye klassar for analfabetar, med 209 elevar, har starta. 89 som kunne lese swahili har på A-seminar lært å lese morsmålet, iraqw, og fått bibel. Nicodemu og Agnes delte ut 284 iraqwbiblar til nye lesarar i 2019. Filmen om Jesu liv er vist i 6 landsbyar og 1625 har sett filmen. Vi har hatt lærarteam i 18 landsbyar i 2019. Alt dette har vi saman med dykk vore med å gjere mogeleg ved gåver og forbøn.

Lærarane våre er vekependlarar og bur langt vekke frå familien, under vanskelege bu forhold. Må Gud gje dei helse, mot og uthald og velsigna både dei sjølve og familiane deira.

Stor takk til dykk som hjelpte oss med å byggje brønnar. Det løyste vassproblemet både i barnehagen og på Senteret.

Skrive av: Nora Klungseth og Frøydis Nordbustad