Nok ein gong har Frøydis og Nora reist til Tanzania
Tidlegare i år, reiste Frøydis og Nora til Tanzania, etter å ha sagt at dette vert siste tur. Sjølv om eg nettopp hadde blitt kjend med dei og begynna å jobbe, som frivillig, for ILCT skjønna eg at desse to vil nok reise så lenge dei har krefter og helse til den lange turen.
Og det viste seg at når dei kom heim at, til Noreg, så var dei allereie i gang med å planleggje nok ein tur. No har begge dei to damene nådd ein høg alder og sjølv om dei fortsatt er aktive og er nok ein gang på reise, så kan verken dei eller nokon annan vite om dette blir den siste turen. Det veit kun Han som har sendt dei ut.
For som Frøydis sa under ILCT si samling på Helgatun i år, så er deira arbeidstid for ILCT og Guds rike her på jord ikkje noko ein sjølv kan bestemme kva tid ein skal avslutte.
Til no har dei, i tillegg til mykje anna, fått opp ein fungerande og god stab som jobbar for ILCT i Tanzania. Her driv ein både barnehage og opplæring for å lære fleire analfabetar å lese og skrive.
I vår moderne verden er det like viktig å lese og skrive om du bur i Noreg eller Tanzania. Å gi hjelp til lese og skriveopplæring er eit svært effektivt utviklingsarbeid som gjer heile lokalsamfunn og ikkje minst den einskilde høve til å klare seg sjølv på ein heilt annan måte enn vist ein er analfabet.
Fortsatt er det fleire hundre tusen analfabetar blant Iraqw -folket i Tanzania. Einaste mogelegheiti deira til å nokon gong kunne lære og lese og skrive er gjennom arbeidet til ILCT. Difor er det svært viktig at arbeidet fortsett også etter at Frøydis og Nora har teke siste turen til Tanzania.
Til å fortsette arbeidet i Tanzania har ein fått saman ein god stab med trufaste og arbeidsame medarbeidarar. Men dei treng både midlar og støtte frå oss i Noreg for å fortsette arbeidet. Ein håper difor at fleire vil støtte arbeidet i tida framover.
I forkant av, Frøydis og Nora, sin tur til Tanzania denne gongen har me sett opp ein eigen sky og kommunikasjons-plattform som skal gjere det lettare å samarbeide mellom Tanzania og Noreg. Til å hjelpe seg med dette fekk ILCT Tanzania to pc’ar med all nødvendig programvare ferdig installert. I forkant av denne turen har me også hatt nokre møter saman, med innføring og grunnleggjande opplæring i Linux distribusjonen Debian.
Det er verkeleg imponerande at desse to damene på over 80 år har sett seg inn i Linux og Open Source for å kunne vise medhjelparane i Tanzania korleis dei skal komme i gang. Med dette vil det vere mogleg å gi meir hjelp frå Noreg, i form av informasjon, opplæring og samarbeid, via internett.
Debain og tilhøyrande fri og open programvare har alt ein treng for å drive skule, opplæring og organisasjonsarbeid m.m. Alt er gratis, fritt tilgjengeleg, og med særskild fokus på it -tryggleik og personvern for brukarane av Debian operativsystemet.
Ein har også sett opp sky -server med Nextcloud open source sky -teneste, slik at ein kan dele og samarbeide på ein trygg måte over landegrensene. Alt dette er tilgjengeleg for alle medhjelparar i ILCT Noreg og Tanzania. Med å kontakte Lars på epost, kan medhjelparar og samarbeidspartnarar få tilsendt eigen epost og sky konto utan kostnad.
Det ein treng forbønn for no er; «At nokon av staben i Tanzania meistrar og tek i bruk dei moglegheitene desse digitale verktøya gjev. For etter enkel innføring vil det vere mogleg å kommunisere og få vidare hjelp, frå Noreg»
Tysdag 29.10.2019 kom Frøydis og Nora frå Årdal til Vik. Onsdag 30 oktober stilte Ola Andersson opp og køyrde damene til Flesland saman med underteikna. På den måten fekk me gjeve dei hjelp med å sjekke inn bagasje kvelden før avreise. Frøydis og Nora kunne dermed ta ein velfortent kvil på hotellet, før dei skulle avgarde med fly frå Flesland, 06:05 torsdag morgon, til Amsterdam og vidare til Tanzania.
Torsdag kveld kom meldinga om at turen hadde gått fint og at dei hadde komme vel fram, saman med bilde av Frøydis i samtale med Agnes.
Her frå Vik ønskjer ein Frøydis og Nora eit velsigna opphald, saman med staben i Tanzania.