Helga 23 – 25 august var medarbeidarar og støttespelarar i ILCT samla på leirstaden Helgatun som er i Myrkdalen, Vossestrand
Fredagen var det oppmøte og første felles arrangement, kveldsmat 18:30. Etter det samlast alle klokka åtte og fekk informasjon om kva som skulle vera på programmet i løpet av helga. I tillegg vart sjølvsagt song og ein felles andakt. Etter ei lang reise, for mange, av dei frammøtte var det nok sikkert godt å ha moglegheit til å trekke seg tilbake etter ein lang dag, nokolunde tidleg.
Laurdag starta opp med frukost klokka åtte som vart følgd opp med program, det meste av dagen. Etter frukost starta ein opp med bønnemøte, så bibeltime med Holger Kjølvik der han blant anna refererte til Ruts bok i det gamle testamentet.
Klokka elleve hadde me fått både brød og andeleg mat. Dermed gjekk ein då over til Nora Klungseth som orienterte om den noverande situasjonen for ILCT og hendingar i organisasjonen det siste året. Samt om reisa ho og Frøydis har gjennomført til Tanzania i løpet av denne våren. Nora fortalte også at om ikkje lenge, det vil seie no i haust, vil dei to travle damene nok ein gong setje seg på flyet til Tanzania.
Etter Nora si orientering vart det lunsj, pause og ein liten kaffikopp, før me igjen samlast i møtesalen klokka seksten.
Programmet starta då med helsing og tilbakeblikk frå dei som hadde vore så heldig å få vera med til Tanzania og oppleve den store «60 års jubileums -festen for Frøydis». Dette var ei stor markering og synleggjering av at Frøydis Nordbustad si verksemd gjennom 60 år, 1958 – 2018. Det var fleire hundre frammøtte og det var sunge og halde takketalar til både Gud og Frøydis. At arbeidet har vore til stor hjelp for mange tusen kom tydleg fram gjennom den takksemda som vart vist gjennom dette arrangementet. Som avslutting på laurdagskvelden vår, på Helgatun, vart det i tillegg vist video frå denne feiringa. (Filmen er opptak av arrangement i si heilheit og er i mange timar. Difor ønskjer ein å klippe den ned til ein kortare versjon, før ein legg den offentleg tilgjengeleg. Meir informasjon kjem etter kvart.)
Når ein hadde fått eit tilbakeblikk frå dei som var med på jubileumsfesten vart ,det ein kort pause før, det vart informert om ILCT si heimeside, facebook -side og tilhøyrande informasjon. Det vart også vist to film klipp, det eine kan ein finne på heimesida vår og heiter «Bli med ILCT». Det andre klippet var tilbakeblikk frå reisa til Frøydis og Nora, denne våren.
Etterpå var det Frøydis som kom fram og las nokre vers til oss frå Jerimia og delte nokre tankar rundt det som vart lest opp. Frøydis gav oss meiningsfulle ord, frå Bibelen, og takka for oppmøte.
Så var det tid for middag og ei kvelds samling klokka åtte. Med bøn og deling av Guds ord. Det var også song, dikt-opplesing og mykje anna.
Kvelden vart så avrunda med filmvising frå «60 års jubileum for Frøydis».
Sundagen starta på same måte som laurdagen, med frukost, bønnesamling og bibeltime med Holger Kjølvik. Så var det middag 12:30 og avreise like etter.
Heile helga deltok Holger Kjølvik med trekkspel og Kjellfrid Eggebø med gitar. Dermed fekk me mange flotte songar presentert, både som allsong og solo. Kjellfrid var også møteleiar.
Som deltakar kan eg stadfeste at det vart ei innhaldsrik og inspirerande helg saman med Jesus og ILCT.
Takk til vår Gud og Far som gav oss ei slik velsigna helg saman i trua på Jesus.