Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Ei travel veke.

Eg var i ettermiddag i kontakt med Nora frå Tanzania. Og ho sendte meg nokre bilde frå hendingar, denne veka. Desse bilda og eit lite video -klipp delar eg no vidare med dykk som er innom her på ILCT si heimeside.

Publisert: 14. april 2019 18:50

Nora og Frøydis fortel at dei har hatt ei travel veke med mange store ting, dei har fått vore med på.

Tysdag 9 april var dei med og opne to ny klassar for analfabetar i landsbyen Dirim. Der traff dei blant anna Antoni som vart fødd under 60 års jubileumsfesten for Frøydis, i fjor.

Onsdag besøkte dei klassen på det første bildet. Der var det så trongt at 17 ungdommar måtte sitje som sild i tønne for å få plass i den vesle kyrkja som var klasserom. Det var så dårleg med plass at ein av elevane valde å sitje på golvet, mens dei var til stades. Desse hadde nyleg hatt eksamen, der samtlege besto.

Torsdag var dei med på avsluttingfest i Mungahay for to klassar. Der song den eine klassen for dei og dette kan du sjå i video -klippet under. Dei gav også Frøydis ei gåve som takk for at arbeidet hennar mogleggjer at dei no kan få lære seg å lese og skrive. Gåva var ein sekk poteter.

Skrive av: Lars