Iraqw Language and Culture Trust.

Heim Glytt Galleri Logg inn

Ei lita bilde helsing frå Tanzania

Etter å ha komme seg vel fram i Tanzania har Frøydis og Nora vore fleire stader og sett korleis arbeidet til ILCT fortsett.

Publisert: 27. mars 2019 20:44

Etter å ha komme seg vel fram i Tanzania har Frøydis og Nora vore fleire stader og sett korleis arbeidet til ILCT fortsett. I tillegg har dei brukt mykje tid på å flytte arkiv og tidlegare kontor, slik at det materialet som Frøydis har jobba med, gjennom 60 år, vert tilgjengeleg for fleire. Bilde1 er frå det arkivet til Frøydis.

Tysdag 26 mars var dei til stede ved ein eksamen i iraqw, swahili og matte, gjennomført av elevar som får undervising i regi av ILCT sitt opplæringsprogram. Desse elevane som er avbilda tek eksamen tredje semester etter å ha gjennomført grunnopplæring som går over 3 semester a 3 månader. Det vil seie at dei på desse bileta tek den siste og avgjerande eksamen. Dette gjev desse elevane ein heilt ny start og i skrivande stund ventar dei på resultatet.

Kvar onsdag kveld er det bønnemøte for dei tilsette i ILCT. Og saman ber ein for arbeidet, syng og delar Guds ord. Du vil finne to video -klipp frå kvelden, onsdag 27 mars, på slutten av galleriet under.

Skrive av: Lars