I 2008 opna ILCT det som er lærarskulen for lese og skrive opplæring blant Iraqw -folket. På opningsdagen held Kristina B. Mallange ein detaljert og innhaldsrik tale om arbeidet til Frøydis og ILCT fram til då. Denne kan du no lese her.
Kristina B. Mallange var gjennom mange år lærarar og medarbeidar for ILCT i Tanzania. Ho har kjend Frøydis sidan 1958 og har mykje kunnskap om arbeidet med Iraqw -språket. Kristina har også vore ein viktig bidragsytar opp gjennom åra, i forhold til arbeidet med Iraqw -spåket. Som lærar har ho lært fleire generasjonar å lese og skrive Iraqw. Ho gjekk av med pensjon ei stund tilbake, i ein alder av 80 år.
Vist du ønskjer å lesa meir om Kristina, kan du finne fleire artiklar i medlemsbladet Glytt. Der det står skrive om Kristina. Det er også fleire innlegg i Glytt som Kristian har skrive sjølv.
HER ER, KRISTINA B. MELLANGA SIN TALE VED OPNINGA AV LÆRARSKULEN TIL ILCT:
Datoen 12.02.2008 er ein viktig dato å hugsa for ILCT, Mbulu Denne datoen er opningsdagen for ILCT sin lærarskole (TTP) her i Mbulu.
Alle ting har sin start. Eg har som mål å fortelja dykk deler av historia om Frøydis sitt arbeid. Viss du vil gjera eit godt arbeid eller eit arbeid som betyr noko, må du ha desse fire eigenskapane eller fleire:
1. Kjærleik.
2. Flid, vera arbeidsam.
3. Uthald, tolmod.
4. Truskap.
De som er her, har bruk for å kjenna til starten av dette arbeidet som de nå er ein del av.
I 1958 kom Frøydis Nordbustad til Dongobesh for å arbeida i Norsk Luthersk Misjonssamband. Ho starta i arbeidet saman med Anna Strøm, den første svenske misjonæren. På den tid hadde Anna Strøm og katolikkane begynt å skriva iraqw. Katolikkane hadde begynt å skriva katekismen og ei anna bok. No vart det klart at skrivemåten ikkje var god nok. På denne tida vart Anna Strøm pensjonist.
Frøydis vart sett inn i arbeidet med å omsetje Bibelen til iraqw av N.L.M. Då vart det tydeleg at dei først måtte finna ein god måte å skriva språket på og bli einige om det. Og slik vart det.
Frøydis reiste for å studera lingvistikk i England. Deretter kom ho tilbake til arbeidet med å omsetja NT til iraqw. Ho hadde desse fire eigenskapane nemnt tidlegare. Omsetjingsarbeidet fortsette saman med komiteen. Dette arbeidet var stort, og vanskeleg.
Det trongs at ho elska arbeidet av hjarta, var uthaldande, svært arbeidsam, og hadde stor truskap. Og Gud som er trufast mot løfta sine, var med henne, slik han har sagt: Eg er med deg. Gud hjelpte henne igjennom alle vanskane i dette arbeidet.
Då Nytestamentet var ferdig trykt og gitt oss på språket vårt iraqw og vi stod der med det i hendene, kjente vi stor glede. Biskop Yoram Girgis sa at vi hadde fått noko uendeleg stort. Mange kristne kjøpte NT. Då det var snakk om å feira at Nytestamentet var komme, syntes somme at det ikkje var så nøye med feiring.
Saman med dette vanskelege arbeidet, førebudde Frøydis ABC bok serien ”Lær swahili ved hjelp av iraqw.” Då desse bøkene var ferdige, måtte ho prøva dei ut for å sjå om dei fungerte bra. Ho reiste til ein landsby i Maretadu kalla Gosamwan, nær fjellet Gidif. Ho vart motteken av herr Qwarí som budde i Gosamwam. Frøydis budde der for å få prøva ut lesebøkene for vaksne analfabetar og for barna på den nystarta barnskolen. Qwari hadde ingen pultar, så det var å sitja på treplankar. Ho budde hos denne mannen med stor familie i ein månad. Slik det er vanleg her, et alle med hendene frå same fat. Dette var før dei begynte bruka skeier, knivar og gaflar og ennå er det mange som et på gamle måten. Vi et tjukk maisgraut frå ein bolle. Vi tek eit stykke maisgraut og duppar den i grønsakblandinga og et. Slik held vi fram til vi er mette eller til maten er slutt. Og Frøydis var som ein av dei, korleis kunne ho klara det, ho som er europear og er van med kniv, gaffel og skei? Å bruka skei har vi lært av dei kvite som har budd her, og nokre av oss har begynt å bli vane med det nå.
På den tid budde Frøydis i eit nytt påbygg til huset til herr Qwari. Dør var der ikkje ennå, berre stokkar, slik at når Frøydis var på skolen, gjekk hønene inn og la egg i senga hennar.
Det vart Frøydis sin jobb å plukke opp egg. Når det gjalt faren for ville dyr, var Gud med henne og verna henne. Kva synes de, lærarstudentar? Ein kvit som bur hos ein iraqw familie i landsbyen? Dei i landsbyen undra seg. Men for huseigaren vart det til ære og glede. I alt dette trongs det uthald.
Etter utprøvinga av lesebøkene, fortsette ho kontakten med kontoret for vaksenopplæring i Mbulu distriktet. Det viste seg at det var godt arbeid og noko som høvde til opplæringa. Frøydis helt fram med arbeidet i Noreg, ho studerte også.
Biskop Yoram Girgis vitja Noreg og snakka med Frøydis om omsetjing av Det gamle testamentet. Frøydis svara at ho ikkje var ferdig med arbeidet sitt i Mbulu. Dermed planla dei omsetjinga av Det gamle testamente.
I 1992 vart omsetjingsarbeidet av Det gamle testamentet opna i Haydom. Det vart også valt komitear som skulle vera med å vurdera utkasta til omsetjinga. Dette arbeidet varte i over elleve år.
I 2004 var Bibelen ferdig. No var sorg og fortviling over det problemfylte arbeidet vendt til glede og takk. Bibelen vart innvigd i juli 2004. Det var stor jubel. Det var ein strålande dag med ei stor mengd folk frå kyrkjer og frå det offentlege. Statsministeren i Tanzania kom i helikopter. Det var ein dag med store overraskingar, ein svært spesiell dag. Eg opplevde at Gud sendte sitt ord til iraqw folket med si hand og på deira språk. Det vart motteke med stor glede og jubel. Guds heilagdom dekka Wa/ama området.
Kyrkjene kjøpte ein god del biblar, det gjorde folk også. Etter ei tid minka denne iveren litt og somme sa at det var vanskeleg å lesa iraqw. Som ein følgje av denne klaga, bestemte Frøydis seg for å arrangera 3 dagars kurs for å læra iraqw skrivemåten. Dette er seminar for dei som allereie kan lesa og skriva. Seminaret går ut på å læra å lesa og skriva iraqw. Desse kursa er lette og svært bra. Ho heldt det fyrste kurset på hovudkontor til den Lutherske kyrkja i Mbulu. Desse seminara spreidde seg rundt i Mbulu distriktet, Mamaisara, Haydom, Karatu og Babati distrikta. Det overraska og gledde oss korleis mange likte desse seminara og sjølv helt seminar i mange område.
Skule for dei som ikkje kan lesa og skriva begynte i 2006 i Mamaisara, i Muray området. Det veit de om. Dei som med iver gjekk inn for å læra å lesa og skriva, klarte å lære det og gledde seg over det. Dette veit de om, de har undervist og de held fram med dette arbeidet. Frøet til å lesa og undervisa i lesing av iraqw, blei planta for lenge sidan. Det har begynt å spira desse siste åra. La oss halda fram med å luka rundt desse spirene av iraqw bokstavane slik at dei veks og trivest til hjelp for iraqw folket. La oss ta vare på språket som vår arv, generasjon etter generasjon. La oss ta vare på det som vår kultur.
Vi som er her i dag, vi startar ILCT sin Lærarskole, Mbulu.
Du som har som mål å vera lærar og undervisa iraqw analfabetar å lesa og skriva, du som går inn i dette vanskelege arbeidet må ha desse fire eigenskapane:
1. Kjærleik. Dersom du elskar, vil du klara det.
2. Flid og vera arbeidsam. Det gir glede.
3. Vera uthaldande. Då skal du få eta moden frukt..
4. Truskap, i smått og stort.
Dersom desse fire eigenskapane finst i livet ditt, vil du vera i stand til å gjera mykje godt arbeid som blir til velsigning. Tenk på arbeidet ditt om det gir hjelp til folk.
Med desse orda erklærer eg at lærarskolen til ILCT i Mbulu er opna i namnet åt Faderen, Sonen og Den Heilage Ande.