ILCT er ei stifting oppretta av Frøydis Nordbustad og Nora Klungseth, 10 juli 2005. Då hadde dei allereie vore involvert i arbeidet blant Iraqw -folket over lengre tid.
ILCT er ei stifting oppretta av Frøydis Nordbustad og Nora Klungseth, 10 juli 2005. Då hadde dei allereie vore involvert i arbeidet blant Iraqw -folket over lengre tid.
Frøydis starta si verksemd blant Iraqw -folket heilt tilbake til 1958. Då reiste ho som misjonær til Tanzania og starta sitt arbeid blant Iraqw -folket. Då ho starta opp med dette arbeidet, budde mange av dei ho jarbeide med i jordgammar (Tembe), heile familiar saman med husdyra. Dei var lite i kontakt med sentrale styresmaker og omverda. Og noko form for skulegang hadde dei stort sett ikkje. Dei hadde heller ikkje skriftspråk og difor var dei som kun snakka Iraqw, på den tida, analfabetar.
Frøydis starta som misjonær, men fann snart ut at det ikkje var enkelt å lære nokon om Jesus, sidan dei ikkje forstod kva ho sa og ho ikkje forstod kva dei sa. Difor flytta ho i periodar saman med Iraqw -folket for å lære seg språket og kulturen deira. Då vart det til at også ho budde i jordgamme saman med folk og husdyr. På denne måten begynna ho å lære seg språket og kulturen deira, samstundes som dei fekk lære om Jesus og andre meir praktiske ting ho kunne hjelpe dei med. Ho såg, og forstod behovet deira, for å kunne lære seg å lese og skrive. Dette var ikkje heilt enkelt når ei heil folkegruppe, på omlag to millionar i dag, ikkje kunne anna språk enn sitt eige stamme språk som heller ikkje hadde eit etablert skriftspråk. Men med eit velsigna pågangsmot starta ho arbeidet med å skrive ned alle ord og uttrykk. Gjennom mange år samla ho inn alt ho kom over av lydar, ord, talemåtar og anna som høyrer til eit språk. Ho systematiserte, fekk fram grammatikken for språket og alfabetiserte det fullt ut. Sjølvsagt hadde ho ulike støttespelarar med seg opp gjennom åra, men det var ho sjølv som leia arbeidet på det faglege planet. I tillegg til å alfabetisere språket oversette ho Bibelen, Luthers katekisme, folkesongar, kristne songar frå norsk, engelsk og swahili til Iraqw og mykje meir. Ho har også sjølv skrive omlag 200 ulike manuskript for songar, lærebøker, kristne tekstar og mykje meir på Iraqw. Dette er eit stort arbeid og eit heilt livsverk som har komme mange hundre tusen person til gode. Frøydis har halde det gåande frå 1958 fram til i dag, 2019. I skrivande stund er ho på enda ei jobb reise til Tanzania i ein alder av 85 år.
Opp gjennom åra har ho hatt mange gode støttespelarar og medhjelparar, både i Noreg og Tanzania. Den som har vore med lengst frå Noreg er Nora Klungseth, som kom med i 1970. Ho har jobba i mange år frå Noreg med å samle inn midlar og koordinere arbeidet. Dette gjorde Nora frå Årdal, samstundes som ho hadde eigen familie og var næringsdrivande. Saman og i samarbeid med andre har dei fått gidd ut to opplag av Iraqw -Bibelen, men også andre lese og lærebøker. I tillegg, som dei har fått gjennomført utgivingar, har dei også drive lese og skrive opplæring og anna naudsynt hjelpe- og utviklingsarbeid i Tanzania.
Etter nådd pensjonsalder såg dei at det framleis var stort behov for arbeidet deira og difor oppretta dei stiftinga ILCT, Iraqw Language and Culture Trust. Iraqw -folket, som i dag tel omlag 2 millionar personar, er ei minoritets folkegruppe i Tanzania der det framleis er høg analfabetisme. Ei av årsakene til analfabetismen er at det er lite kontakt mellom ulike lokalsamfunn og sentrale styresmakter. Mykje grunna språk problem. Iraqw er veldig ulikt frå det offisielle språket i landet som er swahili og engelsk. Difor forstår ikkje utsendingar frå styresmaktene dei når dei prøver å komme i kontakt og omvendt. Som ein konsekvens, av arbeidet til Frøydis og Nora, har dette betra seg opp gjennom åra. For at enda fleire skal kunne lære seg å lese og skrive, er hovudsatsinga til ILCT i dag, lese og skrive opplæring for analfabetar med Teacher Training Program (lærar opplæring). Det skjer på den måten at ein har lese og skrive opplæring for personer som kan lære vidare til andre i lokalsamfunna dei kjem frå. Dette er ein lite resurskrevjande, men effektiv måte å drive utviklingsarbeid. På den måten hjelper ein først enkeltpersonar til å lære å lese og skrive som igjen kan lære andre osv. Dette har store positive ringverknadar i dei enkelte små lokalsamfunna og har hjelpt mange til å klare seg betre i den moderne samfunnet. Mellom anna er økonomisk og sosial vekst, for den einskilde og samfunnet dei er ein del av, ofte ein direkte konsekvensen når enkeltpersonar og små lokalsamfunn lærer å lese og skrive.
I tillegg til vanleg lese og skriveopplæring driv også ILCT skule for unge einslege mødre som treng rehabilitering og barnehage for borna sine. Tanzania er eit meir konservativt samfunn med andre tradisjonar enn det norske. Difor vert til tider einslege kvinner, som av ulike årsaker vert gravide, t.d. valdtekt, utstøytt av sitt eige lokalsamfunn. For å hjelpe desse unge kvinnene og borna deira, har ILCT oppretta eit mor og barn senter, «Froydis children and mother senter». Her kan mødrene få avlasting og hjelp, medan dei sjølve kan lære seg å lese og skrive enten for å komme seg vidare i utdanningssystemet eller til å komme ut i arbeid. Dette tilbodet, som har vore nokre år no, har gjeve fleire kvinner i ein sårbar situasjon, ein ny start i livet. I tillegg vert den einskilde gjort sjølvstendig og i stand til å gje barnet sitt eit betre utgangspunkt vidare i livet. I det siste har «barnehagen», og måten å driva den på, også utvikla seg til noko meir. I dag får fleire, enn berre einslege mødre, hjelp til opplæring via dette tilbodet. Det har gidd fleire uventa positive resultat. Dette gjer at einslege mødrene og borna deira vert betre integrert i lokalsamfunna fordi dei kjem i kontakt med andre som er i ein meir «vanleg» livssituasjon. Samstundes har ein sett at det er fleire enn berre einslege mødre som treng avlasting med borna for å kunne lære og lese og skrive. Resultat er at ein kan nå ut til enda fleire, unge kvinner, med tilbodet om opplæring. Difor er ILCT i ein prosess akkurat no i høve til korleis tilbodet skal verta utvikla vidare. Det har komme fleire innspel på lokalt hald og ein ønskjer at dette tilbodet skal komme så mange som mogleg til gode. Korleis dette tilbodet, som i dag berre vert kalla «barnehagen», endar opp til slutt er difor under utarbeiding og planlegging. Samstundes vert tilbodet til unge mødre og ungane deira oppretthalde og drifta vidare.
Frøydis har også oversett heile Bibelen til Iraqw. Dette har komme til nytte og velsigning for fleire generasjonar blant Iraqw-folket. Ei av drivkreftene for mange analfabetar, når det gjeld å lære seg å lese og skrive, er å kunne få lese Bibelen. Å oppleve Guds ord på sitt eige språk er for mange ei fornying i trua på Jesus. Dette gjer at mange tek i mot Jesus som frelsar og Herre. På denne måten er ein også med å dele Guds sanne ord vidare. Å distribuere Iraqw -Bibelen har difor vore ei av dei store oppgåve for ILCT opp gjennom åra. Sjølvsagt til glede og velsigning for mange blant Iraqw -folket. Dette har vore gjort i samarbeid med blant anna Bibelselskapet og andre samarbeidspartnarar. Også mange andre prosjekt og oppgåver har vorte løyst i samarbeid og med hjelp av ulike støttespelarar og medhjelparar opp gjennom åra. I tillegg har arbeidet vore støtta på ulike måtar av mange enkeltpersonar, meinigheiter og organisasjonar.
Vegen vidare.
Vegen for ILCT sitt arbeid i Tanzania er å oppretthalde, vidareføre og utvikle arbeidet vidare. Dette gjeld både opplæring, utvikling- og sosialt arbeid. Det er tilsette i Tanzania som tek seg av den daglege drifta og administrasjonen av arbeidet der. Framleis er det fleire hundre landsbyar der dei framleis ikkje har lært seg å lese og skrive. Difor er behovet for ILCT sitt arbeid blant Iraqw folket stort i lang tid framover.
Nyleg fekk også ILCT ein ny medarbeidar her i Noreg, Lars K. Hansen i Vik i Sogn. I første omgang har han etablert ein nettstad, ilct.no for opplysning om ILCT sitt arbeid. Planen og ynskje vidare for arbeidet her i Noreg er å digitalisere det arbeidet som Frøydis har gjort opp gjennom åra. På den måten vil Iraqw -folket ha fri tilgang på språkressursar på sitt eige språk. Dette gjeld digital ordbok, grammatiske -oppslagsverk og ulike lære- og lesebøker til opplæring. Med å digitalisere og frigi arbeidet til Frøydis, på open lisens, vil ein kunna hjelpa Iraqw -folket vidare i lese- og skrive opplæringa på ein enkelt og billig måte. Ein ynskjer med dette å leggje til rette for online -bruk, men også leggje til rette for ned-lasting til vidare bruk for opplæring m.m. Dette er eit stort og omfattande arbeid som framleis er i planleggingsfasen. Det vert jobba aktivt for å kunne gjennomføre dette så snart som mogleg.
Korleis dette og resten av arbeidet utviklar seg kan de følgja via nettsida, ilct.no, og medlemsbladet bladet, Glytt.