Helsing frå ILCT styret i samband med Nora sin bortgang
Kjære alle «Glytt» lesarar !
Rett før jul fekk me melding om at Nora Klungseth var komen på sjukehuset på Voss. Det vart ikkje så mange døger på sjukehuset før ho vart henta heim til himmelen.
Guds fred og signing over minnet etter Nora.
Nora, ein bauta, ein god medarbeidar og støttespelar for Frøydis Nordbustad og det store arbeidet i Iraqw Language and culture trust STI.( ILCT)
Eg vart kjend med Nora og Frøydis gjennom årsmøta til ILCT på Helgatun. Vart mektig imponert over innsatsen og gløden til Nora for at arbeidet Frøydis sto midt i, skulle lukkast. Gløymer ikkje ettermiddagen på Helgatun der me fekk sjå videoen frå Tanzania. Då var kontainaren med Biblar komen. Alle var kledd i festklede og dei jubla for kvar kartong med Biblar som vart bore inn på kontoret til Frøydis. Midt opp i dette sto også Nora, eit livsverk til Frøydis det sto stor respekt av.
Etter nokre år vart eg dregen med inn i styret for ILCT. Å sjå Nora og oppleva gløden ho hadde for ILCT, det imponerte meg. Ho sto på like til det siste. Det vert store «sko», store oppgåver for oss , Kjellfrid, Inger Lise, Nora Johanne og undertegna, som no set i styret og skal vidare føra arven.
Fred over Nora sitt minne!
Helsing frå styret i ILCT