I dette korte innlegget ønskjer eg å fortelje kort om korleis det har gått til at eg no hjelper ILCT. Samtidig ønskjer eg å dele augneblinken då Frøydis og Nora nok ein gong reiste til Tanzania.
Eg heiter Lars K. Hansen og bur i Vik. Eg flytta til Vik i juni 2016, men kjem eigentleg frå Fitjar i Sunnhordland.
Nokre månader etter at eg flytta hit, skulle eg ein tur til Trondheim for å besøkje nokre venner. I Vik er det hurtigbåt som er det beste alternativet når ein vel å reise lengre avstandar med kollektiv- transport, og eg plar nytte dette tilbodet dei gongane eg reiser ut frå bygda. Det gjorde eg også hausten 2018, då eg for fyrste gong trefte på to eldre damer. Grunnen til at eg la merke til dei, var at det såg ut som om dei trengde hjelp med bagasjen. Då eg såg dei, utan å vite kven dei var, tenkte eg: Ja, ja, dei er sikkert to gamle damer frå Vik som ikkje er så vande med å reise, så eg tilbyr meg å hjelpe dei med å bere bagasjen om bord på hurtigbåten. Så gjorde eg, og dei takka for det.
Då eg kom fram med hurtigbåten, reiste eg vidare med «bybanen» i Bergen, frå Bergen sentrum til Flesland flyplass. Der skulle eg ta flyet vidare til Trondheim, og eg tenkte ikkje så mykje meir på desse to eldre damene. Men då eg skulle ta flyet til Trondheim, var det to ansikt eg hadde sett tidlegare på dagen. Og jammen var det dei damene som eg hadde treft i Vik, og som no skulle på same fly som meg! På den måten hadde eg merka meg desse to damene, men kven dei var, det visste eg ingenting om.
Ei lita stund etter at eg var kommen tilbake frå Trondheim vart eg med ein pensjonert prest her i bygda på gudsteneste i Feios kyrkje. Der trefte eg atter på desse to damene, og denne gongen kom dei bort og spurde kven eg var for ein kar, som dei gjentekne gongar hadde treft på, og som i tillegg gjekk rundt med eit synleg kors rundt halsen, i Vik. Med dette vart isen broten, og me kom i prat med kvarandre. Eg vart også fortalt, først via han eg var saman med i kyrkja og etter kvart av dei sjølve, kva dei held på med. Og dei var nok meir vande med å reise enn eg såg føre meg den gongen eg såg dei på kaien i Vik første gong. Som personleg kristen og langt over gjennomsnittet interessert i både litteratur og Guds ord, var jo det dei heldt på med noko som fascinerte og interesserte meg, då eg fekk vite kva for eit viktig og krevjande arbeid desse to damene har gjort og fortsatt gjer. Både når det gjeld alfabetisering av iraqw-språket, omsetjing av bibelen og andre lærebøker, men også det store lære- og hjelpearbeidet dei har starta opp.
Det viste seg jo også ganske snart at det eg driv med innan programmering var noko som kanskje var mogleg å kunne bruke i arbeidet til ILCT. Difor vart det for meg eit enkelt val når eg for nokre veker sidan vart spurd om eg kan ta ansvar for å setje opp og administrere ein nettstad for ILCT. For meg vart det sjølvsagt å svare ja og ta på meg den oppgåva.
Kort fortalt er eg ein syndar frelst av Guds nåde i trua på Vår Herre Jesus Kristus. I trua på Jesus som Herre har livet mitt forandra seg radikalt, og etter kvart som tida har gått har eg fått eit stort ønskje om å tene Gud i ei aktiv teneste. Dette har eg lyfta opp i bønn, og førespurnaden frå ILCT vart for meg eit klart bønnesvar om ei konkret teneste vidare. Eg har også fått lov til å bli kjend med Frøydis og Nora i løpet av denne perioden dei har vore heime i Noreg. Og for meg har det vorte ei velsigning både å verte kjend med dei som personar, men også å få lov til å begynne å lære om arbeidet til ILCT. Onsdag 27. februar var eg i tillegg så heldig at eg fekk hjelpe dei enda ein gong med å få bagasjen om bord på hurtigbåten til Bergen, denne gongen fordi dei skulle reise til Tanzania.
Her er eit bilde (BILDE2) frå kvelden før dei skulle reise og heldt på med pakkinga. BILDE1 er meg saman med Frøydis og Nora, og BILDE3 er Frøydis og Nora medan dei ventar på båten til Bergen. Går ein inn på GALLERI’et kan ein også finne eit lite videoklipp av då dei går om bord.
Med denne korte artikkelen vil eg fortelje dykk andre som er innom her på ilct.no at no har Frøydis og Nora reist, og eg ønskjer dei ei velsigna reise til Tanzania. Samtidig ber eg alle som måtte lese dette om å ta dei med i bønn vidare.
Arbeidet som Frøydis og Nora har starta blant iraqw -folket er eit fantastisk prosjekt som eg håpar at så mange som mogleg vil støtte opp om også i tida framover. For dette er eit arbeid som er av Gud, og det treng villige tenarar også i framtida, når Frøydis og Nora ikkje kan stille opp meir.
Dei har bygd opp eit flott apparat for lese- og skriveopplæring blant analfabetar, men det er mange fleire som treng å lære seg skriftspråket, slik at også dei kan delta fult ut i det moderne samfunnet. Også mor og barn- arbeidet trengst vidare i lokalsamfunna der nede. Og ønskjet og behovet for biblar til dei som har lært seg å lese og skrive er stort.
Sjølv har eg blitt engasjert i dette og håpar at mitt bidrag kan vere med å dra lasset vidare i riktig retning saman med dykk som har vore engasjerte over lang tid. Samtidig håpar eg at også fleire nye kan bli like engasjerte når dei får høyre om dette fantastiske arbeidet.