I tillegg til bladet Glytt, som ILCT har gitt ut gjennom fleire år, vil me her på ilct.no av og til leggje ut nyhende om verksemda, spesielle hendingar og anna.
Dersom nokon av dykk som vitjar ilct.no har ein tekst, bilde eller kanskje ein video som de ønskjer å dele her, kan ein leggje til rette for det. I så fall kan ein ta kontakt på post@ilct.no
Me har valt å kalle denne kategorien «ILCT -direkte». Det vert ein open kategori for alt innhald som ikkje har vore publisert i bladet Glytt tidlegare, men som blir publisert fyrste gong her via denne nettstaden. Å leggje til under-kategoriar kan verte aktuelt etter kvart, men som sagt, ILCT -direkte vil bli hovud -kategorien for alt innhald som fyrst vert publisert her på ilct.no.